Parkering: Frå Sogndal sentrum følgje ein riksvegen 5 til Hodlekve. Ta avkøyring rett etter Hodlekve Skisenter som er skilta til Kleiv.
Vis omsyn når ein parkerar og bruk dei merka parkeringsplassane på turkartet. Frå Fjærland følgje ein riksveg 5 til avkøyringa mot Anestølen/Selseng.
Følg Dalavegen nedover til dei merka parkeringane på turkartet. Ta omsyn til hytteeigarane og private parkeringsplassar.
25.1 Opptur
Følg traktorvegen frå Sumnes og opp mot Spestølen. Denne traktorvegen er ikkje markert på kartet Sogndal – Leikanger (2004).
Siste stykke frå traktorvegen og opp til stølen er litt tett skog. Frå tregrensa er det lettare terreng opp til Spestølen.
Frå Spestølen er det ein vestleg flanke med to brattare heng. Følg det slakaste terrenget frå stølen og opp til toppen på Spefjellet.
Lengd: Kort 2–4 timar
Lengde nedkøyring: 703 høgdemeter og 2,9 kilometer
Brattaste punkt: 32–34 grader i 80 høgdemeter (660–740 moh) og 32–34 grader i 40 høgdemeter (880–920 moh)
Farar: Skred
Finn fleire flotte toppturer du kan gå i Sogn og Jølster her.
25.1 Ned vestsida av Spefjellet E1, LV
Nedfarten frå Spefjellet gjev god utsikt og ein ser Sogndalsdalen frå ein anna vinkel. Ein kan følgje same veg ned som ein har gått opp.
Skogen under Spestølen krev ein del snø for å ikkje virke for tett. Det er nokre fine linjer for dei som likar å sette skituppane nedover.
Når: Desember–mars/april
Farar: Skred
Himmelretning: Vest
Lengde nedkøyring: 703 høgdemeter
Brattaste punkt: 32–34 grader i 40 høgdemeter (920–880 moh) og 32–34 grader i 80 høgdemeter (740–660 moh)
Tips: Ikkje ta parkeringsplassar frå hytteeigarane
Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare med smale passasjar, tettare skog eller trangare terreng. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.