Luster turlag si 90-tals hytte under toppen gjev endå ei overnattingsmogelegheit i Vigdalen.
Ei stor flate midtvegs på turen syter for ein del staking heimatt.
Men om ein har krut i beina kan ein felle-stopp ekstra gje god utnytting av tid og høgdemeter for dei svingesvoltne.
Same veg som Buskrednosi til ein tek av nedover mot elva ved Vårstølen og krysser elva mot. Følg ope drag oppover og austover i skogen.
Eldgamal bjørkeskog leier ein oppover småhamrete terreng på ryggen sørover til ein kjem til flata.
Småkupert terreng vidare der det er like godt å gå rett mot hyttene utan å halde for mykje høgde.
Ta turen innom hyttene for ein matbit og hald så sørover oppover bakkane på austsida av den markerte bekkedalen, opp bratte parti, og inn i lettare terreng ved omlag 1220 moh.
Slakt opp med bratte enkeltheng, varden står omlag 20 meter frå stupet og skavl som vender mot aust.
Nedatt vert det oppvarming ned til om lag 1200 moh før det bratte henget ned mot hytta. Jo lengre aust, jo brattare og lengre side.
I skogen kan ein prøve seg fram med meir direkte linjer som ein har studert under oppturen, mykje artige hamrar og storstein her.
Lengd: 3–5 timar
Når: Desember–mai
Farar: Skavl på toppen, fjernutløysing av skred i bakken over hyttene.
Himmelretning: Nord
Lengde nedkøyring: 950 høgdemeter heilt ned til bilen att
Brattaste punkt: Opp mot 30 grader på omlag 1080 moh
Tips: Skrei ned mot hyttene og heilt ned til det flatar ut, ta på att fellene og gå mot Kollen for ein bakke til. Krev stabile tilhøve!
Vanskegrad: Litt brattare med smale passasjar, tettare skog eller trangare terreng. Litt brattare med smale passasjar, tettare skog eller trangare terreng. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.