4.7.1 Opp via Befringsdalen Utfordrande, E1, LV

Frå Befring følgjer du skogsvegen opp i Befringsdalen. Du kan òg gå opp røyrgata frå kraftstasjonen som ligg der skogsvegen startar. Hald fram sørover langs austsida av elva til du kan krysse den i nærleiken av der Loneelva møter elva frå Rambjørgebotnen. Gå til Rambjørgebotnen der du tek høgde opp mot ryggen som skil Steinbotnen og Rambjørgebotnen. Du legg sporet i sørleg retning aust for ryggen, langs ein morenerygg som lokalt blir kalla Steingardane. Du traverserer deg vidare inn mot breen som ligg under toppen av Bjørga, og følgjer slakaste vegen opp mot varden.

  • Tid: Lang 5-10 timar
  • Starthøgde: 300 moh. (600 moh. på toppen av Befringsbakkane)
  • Sesong: Desember – mai
  • Himmelretning: Nordaust  
  • Stigning: 1250 høgdemeter (950 høgdemeter frå toppen av Befringsbakkane)
  • Terrengformasjon: Side
  • Brattaste punkt: 25-28 grader (1000-1120 moh.)
  • Tips: På grunn av teleløysing er vegen til Befringsstøylen ofte stengd om våren. Om den er open kan du køyre til toppen av Befringsbakkane (600 moh.) mot bomavgift, der blir det rydda parkering. Du kan velje å krysse Befringselva like nedanfor demninga eller på hengebru over til Flatjordstøylen. Hald fram på vestsida av elva mot Rambjørgebotnen.
  • Utstyr: Breutstyr
  • Farar: Ver merksam på skavldanning og bregleppa like under toppen. Storleiken kan variere frå sesong til sesong etter snøforholda
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

4.7.2 Ned via Rambjørgebotnen Utfordrande, E1, LV

Den vanlegaste ruta går direkte ned breen frå toppunktet på Bjørga mot Rambjørgebotnen. Når terrenget flatar ut nærmar du deg det brattaste partiet i nedkøyringa. Her finn du den slakaste linja ved å halde deg eit stykke vest for elva som renn ned Rambjørgebotnen. Frå Rambjørgebotnen følgjer du elva på austleg side ned mot Loneelva som du kryssar. Vidare stakar du deg til Befringsstøylen, og attende til skogsvegen som du  følgjer attende til parkeringa.

  • Sesong: Desember - mai
  • Himmelretning: Nordaust 
  • Fall: 1250 høgdemeter
  • Terrengformasjon: Dal
  • Brattaste punkt: 23-25 grader (1550-1070 moh.), 25-30 grader (1000-860 moh.) 
  • Tips: Dersom Loneelva er stor og utfordrande å krysse kan du frå Rambjørgebotnen følgje vestsida av elva som skildra under oppstigninga. Ved Befringsbakkane er det fint å ta av skogsvegen og køyre røyrgata attende til Befring.
  • Utstyr: Breutstyr
  • Farar: Ver merksam på skavldanning og bregleppa like under toppen. Storleiken kan variere frå sesong til sesong på bakgrunn av snøforholda. Delar av nedkøyringa går på snødekt bre. Seint på sesongen kan det vere svake snøbruer over vassrike elvefar både i elva frå Rambjørgebotnen og Loneelva. Om Loneelva er opa kan denne by på utfordrande vading.
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

4.7.3 Opp via Fossheimsdalen og Storaksla Utfordrande, E1, LV

Denne ruta gir deg ein fin rundtur saman med nedkøyringa via Rambjørgebotnen til Befring. Du startar turen frå kraftverket på Fossheim og følgjer skogsvegen til endes ved demninga. Her kryssar du elva over brua og går søraustover til Indre Fossheimsstøylen. Ruta går opp Litleaksla til toppen av Storaksla, og vidare på ryggen som svingar seg mot Bjørga.

  • Tid: Lang 5-10 timar
  • Starthøgde: 230 moh. 
  • Sesong: Desember - mai
  • Himmelretning: Vest langs ryggen av Litleaksla
  • Stigning: 1320 høgdemeter 
  • Terrengformasjon: Rygg
  • Brattaste punkt: 26-30 grader (850-1250 moh.) med enkelte småheng på 30-32 grader
  • Tips: Om våren kan du mot avgift køyre opp skogsvegen til Fossheimsdalen
  • Farar: Skavldanning langs ryggen av Storaksla og vidare mot Bjørga. Ver òg merksam på skavldanning og bregleppa like under toppen av Bjørga. Storleiken kan variere frå sesong til sesong etter snøforholda.
  • Vanskegrad: Litt vanskeleg. Litt brattare terreng med smale passasjar, tettare skog eller trongare terreng. Det er mindre bratt helling og du vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve, som t.d. ved glasert skare, kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.