Klokka hadde passert lunsj då me trilla inn Helgedalen på sykkel. Joar på ein fisefin stisykkel, eg på ein sykkel som eg redda frå søppeldynga på Kaupanger. 

Det første cruxet på turen møtte me allereie etter ein kilometer - ein flokk med kyr som sperra vegen. Det såg ut som ein godt organisert protestaksjon mot eit eller anna, med ein perfekt vegblokade.