TRALTEN: Karl pussar, Robert lyfter og Sondre omkoplar høgtalaren til Robert som byrja å spele russisk techno kvar gong me bygde hopp. Foto: Anki Grøthe
Lesetid: 9 minutter
Eg er litt i beit for å pisse. Snur meg. Ser ingen. Lagar nokre krusedullar i snøen på botn av quarteren me har trampa opp i ein skavl. Vinden har vore pipetrakkar gjennom skaret, og for ei gong skuld gjort det enkelt for oss. Djupt under skia mine sildrar det i ein bekk som kvirvlar svart i ei lita oppkomme nokre meter nedom landinga. I det eg har skrive initialane mine i snøen, ser eg fem-seks par nikkersstrømper koma fram på rekke over skavlen. Samstundes passerer Robert meg og roterar to gonger over hovuda deira, før eg dreg opp smekken.
Det er enno tidleg i veka, Eidsbugarden hotell er tomt før helga og det blir stelt til personalfest. Me, ja Karl-Kristian Muggerud, Robert Ruud og eg, har vore ute i eit mjølkeglas heile dagen. Det er utfordrande å filme skikøyring i eit høgfjellsområde med snøføyke på linsa. Likevel kjem to skituristar langs den kvistmerkte låma frå nord, med kartmappa innom kvitrima anorakkar. Her finst også mange flate landingar, og Robert melder seg ofte fyrst til å prøve. Kanskje minner dei han om skikøyringa heime i Ål og held heimlengselen på avstand. Kanskje har han som yngstemann ikkje råka uklar med tyngdekrafta enno. Han landar støtt, det synest at han er vand med isete terrengparkar. Når høgtalarrøret hans er tomt for batteri og Vazelina Bilopphøggers stoppar å spele, gjev me oss for dagen. No har me vore her i over ei veke, lenge nok til at me er meir personale enn gjester, og me får vere med på fest. Robert slår ei jente i handbak, eg slår ein svensk kelner i handbak og Karl slår meg i revakrok. Etter dette er me alle fylde med nok pågangsmot til å gå i gang med ei ny veke med filming.
Ei openberr og bratt, sør-austleg side vender ned mot hotellet, og det er denne sida som har blitt gå-til-området vårt etter kvart nye snøfall. Den har fleire element midtvegs med klipper og ei lang konkav utkøyring som samlar landingspor og sluff, og den er fullstendig blind i toppen. Det sluttar aldri å rulle nedover før det brått sluttar heilt og du ser alt. Underhaldingsverdien er difor stor for den som filmar og får sjå om det blir blink eller bom.
– Ja vel ja, ja det er dykkar spor ja! Sjå det ja, kjem det frå ein gamal kar djupt nede i sydenstolen ein ettermiddag. I solveggen utanfor hotellet har det blitt drukke mykje øl. Og me har, noko uvitne, sytt for underhaldinga for skituristane som kviler ut i solstolane. Solarane har fått sett Robert sende Misty til magen ut ei klippe med tolleg flat landing, Karl køyre balerinasveiv på ein treer ut ein skavl med tupphekt i satsen og meg i ei linje med flakskred etter. Det kjennest ut som at me er her som hoffnarrar, eller hotellnarrar. Me trekker oss attende. Kvar ei bikkje har sine dagar.
Den fyrste antropologiske analysen må justerast noko. Her er ski med Radicals, støvlar med hard flex og menn med Chamonixskjegg. Nokon har vore her før oss. Og dei har vore i god form. Me kjem i snakk med folk som ser etter liknande kvalitetar i fjellet som oss, og det blir peika mykje på kart med liten målestokk.
– Ser feit ut den sida der, seier eg.
– Ja, berre 20 000 meter frå oss, påpeikar Karl. Ut i frå områda me hittil har rørt ved, kan det sjå ut som om passarnåla er sett på hovudet til Vinje med batterilengda på høgtalaren til Robert som radius. Men det blir lagt planar. Planar som glir over i draumar.
Det at vinden er til stades her er meir regel enn unntak, så her er kiten fin. Mellom lange dagar med mykje gåing er det ålreit med ein eigen skiheis som kan styrast i alle retningar. På ei økt får eg utforska meir område enn på ei veke med gåing. Og i eit område som på kartbladet vårt hittil er ganske kvitt, går mange av dagane med berre til å leite etter høveleg skiterreng. Problemet er at dei områda eg har god framferd i med kiten, er fort forblåste med få utsikter til mjuke landingar og sprøytande svingar. Så når eg stadig lengre burte frå hotellet inne i utforskinga mi bak neste og neste kolle ser dragen over meg misse trykket og flakke, er eg der me skal vere, for der er snøen som har fått lege i fred for vinden – snøen med dei sundfrosne krystallane som blenkjer i låg sol og som let seg forme til djupe spor når den blir løypt over. Synet av dette gjev same kjensla som synet av nye reinsdyrspor etter lang tids jakt, hyttepipa som stikk opp or skodda eller ein etterlaten ølboks i den nemnde hytta. Falketind liknar Mount Doom i det sola går ned bakom tindane i vest og klaken kjem. Eg pakkar draken i hop og trykkjer han ned i sekken. Naglespretten dreg seg innover fingrane som grip litt tregare rundt stavane, medan eg stakar meg fram. Snøen er trå så eg får brukleg fråspark utan fellar. Langt burte lyser det frå vindauga nede på Fondsbu og Eidsbugarden. Eg set meg på kne over skia, vippar bindingane over i køyrefunksjon og løyper ned konkurransesida frå den legendariske Heftye Invitational som berre rakk å sjå ljoset ei gong før det forsvann.
Månen heng over Bygdin og Karl er ute og huvar. Det er berre han som har skjegg som er stort nok til at det kan legge seg is i det, og no legg han ny is. Sør for hotellet over flotta, ligg ei brei side med vekslande helling frå langrennskiterreng som går over i den nemnte konkurransesida. Karl labbar oppover ein stad i mellom i type ein tempo. Han har to ulike tempo, der tempo type to er spurt. Robert, som har tatt seg påskeferie frå oss ei veke, ligg no baki den raude kassebilen sin på ein parkeringsplass i Våga og et på ein åttepakning med Kvikk Lunsj. Der skal han dagen etter knekke staven sin i mål på Høkkers Invitational, medan vinnartittelen går frå Ål og heim til Våga. Men han kjem over det. I løpet av den påfylgjande veka skal han vakne opp i Hemsedal, stå på korte ski, så korte ski at han eigentleg står på skistøvlar med sole og stålkant, drikke like mange øl i stolheisen som han tar turar, filme at han slår hovudet i isen, gå viralt med filmen og få badebuksesponsor, før han kjem attende til Eidsbugarden i lag med nye sengeklede og meir Fireball.
Nede i tømmerstoga til Vinje peikar ti solbrune tær opp i lufta.
– Kva held du på med? Spør Karl
– Dette er extreme yoga. Jeg koker meg selv innvendig, fortel yogien.
Høgtalarrøret til Robert er hijacka og spelar Mercyful Fate. Me er alle i slag, spesielt Robert etter Hemsedalturen hans, og glidande på den nye rusen kastar han ein Flat 3 ut ein negativ skavl som han så set hardt med tanngarden i kneskåla. Han gliser med blod mellom tennene når me ser dei alle framleis står fast, og går opp igjen. Omsorgen kjem i dei seine timane.
Mellom høge fjelltoppar som kan hukast av og dalføre som ledar inn til nye emneknaggar, finst lommer, eller holer, eller innsida av kroner, tersklar, vel i alle fall. Mellom to fartsårer finn me gullåra vår, vår plattform ni og tre kvart. Det er mest så me skruvar volumet på røret ned for å ikkje avsløre kvar me er. Av og til kan toppluver sjåast flyte forbi langs ryggen over bollen, og det læt frå stålkantar som skrapar mot skare, medan Karl slit med å rette opp kamerastativet som stadig søkk djupare ned i snøen. I bollen vår er det vindstille og eg kan sole bringa utan at niplane blir stive.
Point and shoot. Karl legg eurocarves og nye lag is i skjegget. Krystallene som blir kaste opp heng fast i lufta. Som Hauge hadde sagt det om det var han som pakka fellane ned i sekkane og meldte “køyrer” over radioen: Det er den draumen me ber på – at me ei morgonstund skal skinne inn – til ei laussnøside me ikkje har visst um. Hurrungane lagar bakteppe for denne seansen og eit propellfly tek ein runde over oss før det landar ved sida av brygga på Bygdin. Sigurd Løvfall sa ein kveld før han utleia teorien bakom ruskurva at grensa mellom støting eller ei fylgjer vêret, “Er det klarvêr er det redningshelikoptervêr, og i neste konsekvens støtevêr”. Himmelen er blå i alle retningar. Eg legg linja innom ein stein som får meg til tenkje på kva Seth Morrison gjorde ei gong han filma med TGR og såg “eit stupebrett”. Etter at eg har rotert fire gonger framover, dei tre seinaste på baken, ler me ei stund før Karl seier at han er svolten.
– Eg er hypp på jordskokksuppe, seier Robert. Kanskje me rekk middagen om me dreg no?
– Det har eg også lyst på, seier eg og ristar snø ut frå rommet mellom ryggen og sekken som har ein tendens til å samle opp og halde på snø til ein blir våt inn til ryggen.
Karl synest jordskokksuppe er heilt greit, men meiner ting blir rart med for mykje av det. Det er me alle samde om.
– Men om ein har brød ved sida, då er det ålreit, seier Karl. Og kanskje litt sild.
– Brems, seier eg.
– Fyffaen, seier Robert og byrjar å gå.
– Kanskje det er litt liv på Fondsbu i kveld? Det er jau laurdag, seier Karl, og stakar avstad.
Eidsbugarden
Aasmund Olavson Vinje bygde den fyrste stoga på Eidsbugarden i 1868, og få år etter at sjela hans tok bustad i Falketind, blei stoga ein del av eit svært fasjonabelt høgfjellshotell. Vinje har i seinare tid blitt andletet til Vinjerock, musikkfestivalen viss billettar blir seld ut på augeblikk kvart år.
Om vinteren blir skiarrangementet Heftyes Basecamp arrangert med turvegleiing og utstyrdemo. Og i 2017 blei dei mest skitne frikøyrarane i Noreg husa her under frikøyringskonkurransen Heftye Invitational.
Hotellsesongen fylgjer føret på den 19 km lange vegen frå RV 53 og inn til Eidsbugarden. Vintersesongen varer frå midten av februar til byrjinga av mai, når snøføret på vegen forsvinn.På vinteren går det kun beltebiltransport inn til hotellet
Sumarsesongen byrjar når vegen er tørr og farbar for bil og busstransport - omlag frå St. Hans til midten av oktober.
Eidsbugarden ligg i Jotunheimen på 1060 moh. i Vang Kommune
Allerede abonnent?
Kjøp abonnement og få tilgang til artikkelen.
Alle abonnement gir full tilgang til hele vårt digitale univers. Det inkluderer Fri Flyt,
Terrengsykkel, UTE, Klatring, Landevei og Jeger sine nettsider og e-magasin.
1 måned
Digital tilgang til 6 nettsider
Papirutgaver av Fri Flyt
3 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
2 utgaver av Fri Flyt Magasin
12 måneder
Digital tilgang til 6 nettsider
8 utgaver av Fri Flyt Magasin
Betal smartere med Klarna.
Abonnementet fornyes automatisk etter bindingstiden. Si opp når du vil, men senest før perioden utløper.
Friflyt.no har daglig dekning av det som skjer i skianlegg og toppturområder, og vi dekker debatter og dilemmaer om alt fra snøskred til klimaendringer. Om sommeren skriver vi om aktiviteter skifolk er opptatt av når det ikke er snø på bakken, som vannsport og sykkel.
På friflyt.no finner du også Fri Flyt sine skitester og mer enn 750 guider til toppturer.