Midtre Ringstind er ein flott topp som kanskje ikkje gir frå seg så mykje skikøyring, men som likevel er verdt eit besøk.
Tilkomst/parkering: Som for Store Ringstind
Følg opptur som for Store Ringstind til skaret mellom Midtre og Store Ringstind, 1730 moh. Herfrå følgjer ein enklaste veg til topps.
Forholda varierer mykje frå sesong til sesong, men som oftast er det lettast å halde seg mot nord og vestegga, eller opp ei skrånande renne 100 meter sør for dette.
Forsiktig med skavl i nordsida.
Lengd: Lang 6–8 timar
Lengde nedkøyring: 1125 høgdemeter
Brattaste punkt: Passasje på 42–45 grader (1900–1940 moh)
Farar: Skavl i nordsida av vestegga, skred, utgliding
Utstyr: Turen krev skarejern, isøks, stegjern og breutstyr.
Vi har samlet turbeskrivelser av toppturer i Jotunheimen og Hurrungane her.
Det vanlegaste er å setje att skia i skaret og gå opp og ned på Midtre, men han blir stadig køyrt på ski.
Ofte er det ein del stein og klipper framme som gjer han mindre interessant som skitopp for dei fleste.
Finn linja frå skaret før du går opp, og følg henne ned. Ein har godt oversyn over sida frå Store Ringstind, og frå skaret mellom Store og Midtre Ringstind.
Når: April–mai
Farar: Skred, utgliding, skavl i nordsida
Himmelretning: Vest/sørvest
Lengde nedkøyring: 285 høgdemeter til skaret + 840 høgdemeter til Turtagrø
Brattaste punkt: Passasje på 42–45 grader (1940–1900 moh), resten som for Store Ringstind
Tips: Ein tur på Midtre Ringstind er fin å kombinere med ein tur på Store Ringstind, men dei fleste brukar å vere nøgde med Store.
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.