Følg skildringa for Store Ringstind til du er på Ringsbreen.
Herfrå går du søraustover gjennom Ringsskar og vidare austover under sørflanken på Austre Ringstind.
Her er vanlegvis enklaste vegen opp rett vest for den søraustlege ryggen til topps.
Lengd: 6–8 timar
Lengde nedkøyring: 1102 høgdemeter
Brattaste punkt: 40–43 grader i 100 høgdemeter (1900–2000 moh)
Farar: Skred, utgliding, bre
Utstyr: Breutstyr, isøks, stegjern og skarejern
Finn flere flotte toppturer i Jotunheimen og Hurrungane her.
13.2 Ned sørflanken på Austre Ringstind E2, V
Nedkøyringa er kort, med eit spanande terreng for dei som meistrar det.
Følg den linja du har sett deg ut under oppturen, men det mest køyrbare skiterrenget blir ofte i austre del av sørflanken.
Mange klipper innimellom, men dette varierer frå år til år.
Når: April–mai (Seint i mai er det ofte utsmelta i sørsida her.)
Farar: Skred, utgliding, bre
Himmelretning: Sør (til Ringsskar), deretter nord og vest
Lengde nedkøyring: 240 høgdemeter + 862 høgdemeter frå Ringsskar til Turtagrø
Brattaste punkt: 40–43 grader i 100 høgdemeter (2000–1900 moh)
Tips: Sola tek godt her, så ikkje ver for sein. Sida er ofte hard om morgonen og blir svært roten når sola har bakt inn om dagen. Fin å kombinere med Nordaustrenna på Stølsmaradalstindane.
Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.