Instagram og bandittar

Siver Voll har fakka tjuv i Hintertux gjennom Instagram og sloppe sesong-edit.

Sist oppdatert 30. oktober 2017 kl 12.25
I SOLNEDGANG: Siver Voll har grabben sin på lock, noko sesong-editen hans også syner.
I SOLNEDGANG: Siver Voll har grabben sin på lock, noko sesong-editen hans også syner.

– Såg den nye editen din Siver, bra jobba! Såg også at du fekk skia dine stolne. Kan du fortelje kva som skjedde i Hintertux i forrige veke?

– Eg og nokre kompisar skulle chille litt ved midtstasjonen i Hintertux på veg ned frå bakken. Så kom ein gjeng forbi oss og han eine bar på nokre ski som var frykteleg like mine. Byrja å tenkje på om han hadde teke skia mine, men nei, skikøyrarar stel jau ikkje ski frå andre skikøyrarar. Så uansett drog eg opp med gondolen til der me la skia, og dei var vekke. Drog ned att, og på veg ned spurde eg alle ski- og snøbrettkøyrarane om dei hadde sett ein kar med rosa luve og halvlangt blondt hår i bakken i dag. Alle eg spurde sa ja, men dei kjende han ikkje. Eg fortalde at han hadde teke skia mine og rykte byrja å spre seg. Så på sundagen fekk eg ei melding på Instagram av ein random dude som sendte meg eit bilete av ein fyr og lura på om det var han. Han kjende han ikkje, men det hjalp mykje med eit bilete. Delte det på insta-story, trudde eigentleg ikkje at eg kom til å få mykje respons, men mange delte det vidare og sendte meg namnet på fyren. Hadde aldri klart det utan all hjelpa eg fekk, så takk til alle som hjelpte meg. Då eg fann namnet hans fekk eg ein tysk kompis til å snakke med han for meg, og han ordna det slik at han møtte oss med skia. Då fekk eg sagt mitt om kva eg synest om slike idiotar som han. Mi meining er at folk som stel andre sine ski i skimiljøet er uakseptabelt. Dei kan slutte med ski og finne noko anna å gjere, fortel Voll i klar melding til Fri Flyt.

Her er Siver Voll sin sesong edit:

Publisert 30. oktober 2017 kl 12.25
Sist oppdatert 30. oktober 2017 kl 12.25
annonse
Relaterte artikler
FALLET: Like før droppet hektet deltageren skien slik at den falt av. Den bratte facen gjorde at hun skled ned fjellsiden.
Junior freeride i Røldal

Dramatisk fall under konkurranse

IKONISK: For mange er afterski like obligatorisk som å stå på ski når de er i fjellet.. Foto: Kalle Hägglund
Tips til de som «går all in»

Do's and dont's på afterski

jenter som klemmer og gråter
Knuste alle i Verbier

Hedvig Wessel er verdensmester!

jente med ski
Frikjøringscamp for jenter i Røldal

– Noe eget med den jentestemninga

skikjører som tar salto
Vetle Gangeskar i form

Bestemann i NC i Hemsedal

annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen