– Vi trenger et større mangfold i miljøet

KOMMENTAR: Frikjøringslegende og tidligere freeski-trener Svein Olav Lien er lei av all oppmerksomheten ski-influcenere får. Nå håper han på større mangfold i miljøet og at de mindre aktørene heies frem.

Sist oppdatert 30. november 2021 kl 10.51
Svein Olav Lien
SKIKJØRERE: Svein Olav Lien er tidligere freeski-trener og legendarisk frikjører fra Telemark. Foto: Vegard Breie

Ein gong skikøyrar, alltid ein skikøyrar. I dag travel geitebonde, men fortsatt skikøyrar. I ein alder av 33 år, endra eg livsstil og valde nytt yrke som bonde.

Fram til då var det kun ski som stod i hovudet mitt.

Det vart til slutt eit levebrød, då av typen på sidelinja som såg dei unge lovande vekse seg ut av talentbobla og fram i livet som til tider entusiastiske elevar på Hovden Skigymnas.

Sjølv nemnde eg på meg sjølv som ein slik typisk frikøyrar som trivdes best med tjukke ski og Gore Tex på, dog litt usikker på om brillene skulle på innsida eller utsidan av hjelmen. I ein alder av 35 år innsåg eg at Tanner Hall fekk gå vegen åleine, mens eg flytta brillene på utsidan av hjelmen.

Svein Olav Lien
NYTT LIV: Svein Olav Lien er i dag geitebonde i Grungedal. Foto: Torstein Kiserud/TINE

Fram til tida som trenar på skigymnas var eg av typen som ville bli god og litt kjent for skikøyringa mi. Då eg var ung og sjølvbilete mitt sa lovande hadde akkurat Mark Zuckerberg funne på noko sosialt, Facebook, den lokale snow-skate-surf butikken sponsa meg år etter år med ski og klede i samråd med positive importørar, shoutout til Glexe og Iver Fjelldalselv. Greta Thunberg hadde såvidt byrja på bornehagen og frikøyrarane stod i kø for å reise til Alpene.

Var du ekstra ambisiøs så drog du over dammen, og var du tidleg på Japan bølgja, ja då var du omtrent proff i eige hovud. Bileta av eventyra havna stundom som eit album på sida til Mark.

Då var liksom jobben gjort utan at ein såg på seg sjølv som nokon påverkar i den grad. Mange frikøyrarar der ute måtte og velje eit yrke som gjorde at du helst hadde fri på vinteren. Valet mitt stod mellom asfaltarbeidar eller anleggsgartnar.

Eg vart anleggsgartnaren som plukka betongbuvar i ettermiddagsrushet på ring 3 og bruka opp absolutt alt eg tende på vinteren. Det var vell livsstilen for mange av frikøyrarane der ute på 2000 talet, og eg var med andre ord ein av dei.

Her på garden tenkjer eg ofte på ski, då ikkje så mykje på eiga skikøyring lengre, men meir på kor kulturen har havna. På Instagram ser eg som alle andre alt som skjer der ute. Ja, han Mark låg aldri på latsida og fant opp, eller rettare sagt kjøpte opp kruttet på nytt. Instagram. Verdas raskaste og billigaste reise. Eit evigvarande eventyr inn i andre sitt liv. Ja, eg er ein av dei som kan sjå meg sjølv bruke dyrbar tid inn i ein algoritme som aldri tek slutt.

Svein Olav Lien
FRIKJØRER: Svein Olav Lien på hjemmebane i Grungedal. Foto: Vegard Breie

Der er skikøyrarar som står skulerett, eller POV vinklar med såpass mykje vidvinkel at eg sjølv blir stiv i låra. Har i seinare tid lært av ein eller annan influensar at det då ser mykje meir spanande ut. Starstrucked vart eg og då influensaren gong på gong fylgde ein liten geitebonde i Vinje på Instagram. Skuffelsen var stor då nokon fortalde meg at dette berre var lureri.

Ja, me er nødt for å nemne influensarane. Dei som faktisk i dag har lukkast som skikøyrarar. Og veit de kva, all ære til desse. Dei er nokre arbeidsjern som gjer ein kjempejobb, kor dei lar seg rive med i utviklinga og jobbar heilt hinnsides mykje for å fortelje oss der ute kor det er pudder, kleskvalitet, kor miljøvenlege dei er og kor stor friheten er ved å gjere det dei elskar. Eg likar å tru at eg veit kva dei meiner, men eg trur ikkje heile tida på dei.

Svein Olav Lien
SKIKJØRER: Svein Olav Lien har lang fartstid som frikjører. Foto: Sondre Loftsgarden

Det er med god samvittighet eg tek opp dagens situasjon med influensarane og dei andre som ikkje heilt forstår seg på algoritmar. Eg har samvittigheten fri og er ikkje redd for å bli stempla som misunneleg med mine 600 tålmodige fylgjarar.

Mogleg det er difor mange i dag kviar seg for å rope ut sanninga. Eit godt ekspempel kom fram då «Still Dancing» filmen kom ut online for nokre dagar sidan. Nesten ein halv time fekk eg med meg med skikøyrarar som i stillhet har produsert ekte skikøyring.

Det var hard og brutal street, hardt føre på fjellet, telt, lunka øl og windlips. Det var fanken meg så ekte som du kan få det. Det var då bobla mi sprakk, og eg klarte ikkje lengre å tie. Desse utøvarane der ute, som også elskar ski utan å fortelje ein halv fotballstadion akkurat det kvar dag.

Svein Olav Lien
LOKAL: Svein Olav Lien på Raulandsfjell. Foto: Vegard Breie

Dei som veljer butter istadenfor uendeleg mange backflips fortener utan tvil like stor oppmerksamhet som dei GoPro-teletubbiane som får antall "likes» tilbakebetalt med ny Gore Tex til jol.

Me treng eit større mangfall utad i miljøet, og det er utruleg synd at me har kome dit me er i dag kor pengar og fylgjerar skal påverke definisjonen på ein proff skikøyrar. Om berre Mark Zucherberg hadde visst om alle dei gode skikøyrarane eg kjenner, så hadde kulturen garantrert vore annleis.

Synd Mark har det så travelt og mest sannsynleg ikkje prioriterar å høyre på ein geitebonde frå Vinje. Ein ting er iallfall sikkert; Gore Tex er produsera av store delar olje og ikkje så veldig miljøvenleg.

PS. Hugleik til alle der ute som gler seg til vinter, med eller utan GoPro på hovudet og fylgjarar på Instagram og YouTube. Mest sannsynleg har du det artigare enn den jobben som ligg bak eit bilete med 1000 «likes". God vinter!

Dette er en kommentar. Kommentaren gir uttrykk for skribentens holdning.

Svein Olav Lien

  • Legendarisk frikjører fra Grungedal i Telemark.

  • Tidligere freeski- og snowboard-trener - har trent talenter som Trym Sunde Andreassen, Markus Leyobo, Eirik Moberg og Markus Olimstad.

  • Nå geitebonde.

Publisert 30. november 2021 kl 10.51
Sist oppdatert 30. november 2021 kl 10.51
annonse
Relaterte artikler
FALLET: Like før droppet hektet deltageren skien slik at den falt av. Den bratte facen gjorde at hun skled ned fjellsiden.
Junior freeride i Røldal

Dramatisk fall under konkurranse

IKONISK: For mange er afterski like obligatorisk som å stå på ski når de er i fjellet.. Foto: Kalle Hägglund
Tips til de som «går all in»

Do's and dont's på afterski

jenter som klemmer og gråter
Knuste alle i Verbier

Hedvig Wessel er verdensmester!

jente med ski
Frikjøringscamp for jenter i Røldal

– Noe eget med den jentestemninga

skikjører som tar salto
Vetle Gangeskar i form

Bestemann i NC i Hemsedal

annonse

Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 1185 Sentrum, 0107 Oslo

Ansvarlig redaktør og daglig leder: Anne Julie Saue | Redaktør: David Andresen Vesteng | Journalister: Tore Meirik | Christian Nerdrum | Henning Reinton (magasinansvarlig)

Kommersiell leder: Alexander Hagen