Skiboms, tindevegleder, overingeniør, skredekspert, foredragsholder, forfatter og mye mer – Markus Landrø mottok i går Den Store Fjellsportprisen i Sogndal. Prisen deles ut av Bratt moro og skal gå til en person, et lag eller en organisasjon som har fremmet fjellsporten, gleden over å være ute i naturen. Prisen i 2013 er en valgfri studietur til en verdi av 20 000,- kroner, ski frå Åsnes (Fyk) og ei isøks.

Og slik lyder juryens begrunnelse: 

Annonse

Personen som mottek Den Store Fjellsportprisen 2013 har gjennom ei årrekkje formidla kunnskap om snøskred på ein framifrå måte, som vegleiar, forfattar og føredragshaldar. Han er inkluderande i sin formidlingsstil, og han evnar å formidla kompliserte og samansette årsakssamanhengar og risikovurderingar på ein lettfatteleg måte til ei brei målgruppe.

Han har vore sentral i oppbygginga av det populære studieemnet alpin skiferdsel ved friluftslivstudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Dei siste åra har han gjennom arbeidet sitt i NVE vore ein sentral pådrivar og premissleverandør i oppbygginga av skredvarslingstenesta varsom.no - retta mot skifolk som likar snøen best der den ikkje alltid heng like fast.

Ansvarlig redaktør i Fri Flyt, Erlend Sande, mottok prisen i fjor.