Sigbjørn var nemlig ikkje så heldig med hav som hamna på golvet og ikkje i klipperommet til Level1 da dei klipte ferdig årets film; Partly Cloudy. Men for oss som har internett er det flaks, for her er Sig beste shots aldeles gratis.

– Alt vart filma i Sverige frå begynnelsen av november og fram til jul. Lucas Stål-Madison og eg fekk med oss Nils Gunnarsson med kameraet nordover så fort snøen kom. Me leigde ein WV Caravelle Syncro '97-modell, frå ein kar i Lycksele som brukte den til å frakta thailandske bærplukkarar på summarane, fortel Sigbjørn.

Klippa ble samla i løpet av seks veker i dei svenske byane Kiruna og Stockholm, og meininga var at dei skulle brukast i Level1s nyaste film. Heile parten er filma i gata, her er altså ikkje noko frå terrengparken.

– Diverre var eg litt uheldig då Level1 skulle klippa filmen kort nok.
Uansett - tanken var som sagt å få samla alle klippa eg var fornøyd med, og laga ein kulast mulig part. Chris Helberg, som er min favorittklippar i heile verden, var veldig snill og ville redigera den. So han skylder eg langt over tusen takkar, seier Sig.