
Turbeskrivelse Tordnose
Turen til Tordnose er ein skikkeleg vårskiklassikar. Her skildrar vi turen frå Billingen på Strynefjellet, via Veltdalshytta.
- Hovedområde: Tafjord
- Toppunkt: 1975
- Høydemeter: 700
- Kilometer: 5
- Faremomenter: Orienteringsvanskar ved skodde og snødrev. Dersom ein følgjer den her skildra ruta opp og ned, kan ein halde seg under 30 grader heile vegen og dermed unngå skredterreng.
- Startsted: Billingen-Veltdalshytta
- Tid opp/ned: 3
Tilkomst/parkering: Billingen. Følg hovudvegen mellom Lom og Stryn og parker ved biloppstill- ingsplass ovanfor Billingen på Strynefjellet. Ta på skia og gå i slakt terreng i om lag 20 kilometer i nordvestleg retning til Veltdalshytta (DNT), der du gjerne overnattar.
11.2.1 Opp frå Veltdalshytta ➋ Utfordrande
Frå Veltdalshytta rundar du nordenden av Heimste Veltdalsvatnet, før du tek sørvesto- ver opp dalføret som leier deg opp til eit lite vatn. Frå vatnet tek du vidare opp og over Torsbreen, før du sikksakkar opp siste bakken til toppen av Tordsnose. Det mest vanlege er å følgje same veg ned som ein kom opp, noko som gjev køyring i moderat skiterreng, før du kan nyte middagen i ettermiddagssola i hytteveggen.