
Puttegga Topptur i Tafjordfjella - 1999 moh.
Turbeskrivelse Puttegga
Puttegga er det høgste fjellet i Møre og Romsdal, noko som gjer at utsynet frå toppen forståeleg nok er storslege. Her skildrar vi turen frå Brøstet i Romsdalen, via Pyttbua.
- Ikke klassifisert
- Hovedområde: Tafjord
- Toppunkt: 1999
- Høydemeter: 838
- Kilometer:
- Faremomenter: Sjekk skredfaren i fl anken opp mot Pytteggenden. Hvis du velger en av de alternative nedkjøringene, må du være spesielt aktsom mot skredfare eller utglidningsfare på hardt føre.
- Startsted: Brøstet gård, 10 kilometer fra Bjorli. Her fra er anmarsjen til turistforeningshytta Pyttbua omtrent 17 kilometer.
- Tid opp/ned: 3-4 timer fra Pyttbua
Tilkomst/parkering: Følg hovudvegen mellom Ån- dalsnes og Dombås. Ta av ved skilting mot Brøstet. Ta her opp dalen og vis omsyn til gardsdrifta når du parkerer ved Sjurgarden (700 moh.). Frå Sjurgarden følgjer du den ubrøyta vegen til Tunga sæter i om lag 8 kilometer. Gå no vidare inn Puttbudalen i om lag 8 kilometer til Pyttbua (1161 moh.), der du gjerne overnattar.
11.4.1 Opp frå Pyttbua ➊ Enkelt
Turen frå Pyttbua opp til Puttegga går opp sørsida av Putteggenden (1511 moh.) og fortset til høgde 1675 moh. Derfrå følgjer ein hovudflanken til topps. Toppen av Puttegga er den høgste av fjelltoppar i heile Møre og Romsdal, så komen opp her, er det ingen fjell i mils omkrins som kan hindre eit storslege utsyn.
Det mest vanlege er å følgje same veg som ned som ein kom opp, noko som gjev køyring i moderat skiterreng. På skredtrygge dagar kan den erfarne alpinisten køyre den bratte søraustsida direkte ned til Søre Botnavatnet og vidare ned til Puttbua.
11.4.2 Ned via Høgstolen og Karitinden ➌ Komplekst
Dersom du er god form, og ønskjer ein verkeleg rundtur, kan du renne bratt ned til Søre Skaret, der du tek på fellane att og følgjer ryggen opp til Høgstolen og vidare søraustover til Karitinden. Frå toppen av Karitinden kan du anten renne ned til Velt- dalshytta for å ta ei overnatting der eller renne ned i nordaustleg retning, over brefallet og vidare ned til Puttbua.
Sjekk ut flere toppturer du kan gå på Sunnmøre og Geirangerfjella her.