Tilkomst/parkering: Standaleidet. Følg vinteropen veg mellom Follestaddalen og Standal. Parker langs vegen ovanfor Standalvatnet ved dyrkamark.

1.20.1 Opp frå Standalvatnet ➋ Utfordrande

Frå vegen går ein i slakt terreng innover Koppen, mot den veldige nordveggen av Heimste Kopphornet, før ein tek søraustover oppover bakkane mot Koppvatnet. Frå vatnet følgjer ein Austflanken heile vegen opp på sørryggen. Komen opp på denne, er det kort veg til toppen. Ein kan ta same veg ned som ein kom opp, men vi rår til ein liten rundtur via Kalvedalen tilbake til Standaleidet.

1.20.2 Ned Vestflanken til Kalvedalen ➌ Komplekst

Frå toppen sklir ein nordvestover eit par hundre meter før ein tek den opp mot 40 grader bratte Vestflanken ned mot nordenden av Kalvedalsvatnet. Frå vatnet får ein krusing i flott skiterreng ned Kalvdalen og vidare langs dyrkamark ned til vegen som går over Standaleidet. Ta skia på sekken og følg vegen i om lag ein kilometer attende til bilen ved Standalvatnet.