Hei!
Skal gå til innkjøp av nye pudderplanka til felleturar.
Ønska egenskaper:
-Fullrocker (Kan være flat chamber med ein god rocker i topp og tail)
-God flyt
-Svingevillig og leiken til skogsbruk, men og stabil nok i fart til at eg kan suse nedover fjellsida. (Asking to much?)
-Under 1900g.
Eg vurdera sterkt eit par Togga Carbon i 186. (Har sikla etter den skia ei stund, men har jo aldri prøvd den så kan jo være total bom.)
Andre ski eg tenke på er EVI 574ASPHALT i 183 (slit med å finne info om profilen til skia, nokon som kjenner til det?), Salomon QST 118 185.
Er sjølv 179, ca 100kg med utstyr. BMT'en i 176 opplev eg som veldig svingevillig og morsom i skogen, krev lite energi mens eg svinga meg mellom treda. Når terrenget åpna seg og farta øka føler eg skia blir svært "livlig/ustabil". Det følast ut som om ein mistar kontakta med snøen. Trulig er eg for lang for skia.
Eg har BC Camox freebird i 183, syns det er ei finfin ski som dekkar det meste. Den flyt overraskane godt, svingar fint og taklar det meste den møte på. Men når snøen er djup og skogen er tett savnar eg flyt og leikenhet.
Som sagt opplev eg BMT'en som leiken og kjekk i skog og dei egenskapane ønska eg å bevare. Men i fart blir dei ustabile. Eg tippar lengre ski vil være meir stabile i fart men på kost av leikenhet. Vidare spelar jo egenskapar som flex, rocker og innsving inn på egenskapane til skia.
Ang Togga carbon, nokon som er kjent med skia og dens egenskapar? Den er jo 7cm lengre enn meg i 186; kva egenskapar kan eg forvente meg?
Evi 574ASPHALT, nokon som har erfaringa og dele? Denne er jo 183, det fristar meir enn 186. Men ettersom eg ikkje kjenner til profila til 574ASPHALT, er det litt vanskelig å seie kva eg kan forvente meg.
Ellers nokon idea til ski eg kan sjekke ut?
Mvh