Du kan gå både korte turar saman med familien, eller legge ut på langtur innover i fjellheimen mot Blåfjellet. Gardsbruka på Vona, som vart fråflytta på 50-talet, er eit spanande delmål på vegen mot Blåfjellet. Dei veglause gardane ligg avsides til, så når isen på Vonavatnet var utrygg var dei i si tid berre tilgjengelege for skigåarar. Dette fjellområdet nord for Vonavatnet er og lett tilgjengeleg frå Hyen i Nordfjord.

Tilkomst/parkering: Frå Førde køyrer du rv5 mot Naustdal. Her tek du av mot fv512 mot Nyheim. Følg fv512 til Nes der du tek av til Vonavatnet. Vegen mot Vonavatnet er vanlegvis brøytt til opparbeidd parkeringsplass, som er utgangspunkt for oppkøyrde skiløyper vidare til Vonavatnet.

Frå parkeringa følgjer du skogsvegen til Vonavatnet. Når isen på vatnet er trygg, er det vanleg å legge sporet over vatnet mot gardane på Vona. Frå Vona går du nordaustover til Vonastølen, og går vidare nordover mot Vonaskaret. Ei alternativ rute er å gå frå Vonastølen mot nordaust og opp Inste Svartebottsskaret. Denne ruta er også fin som nedkøyring.