Skal ein verkeleg få maks ut av dette fjellet, bør ein gå heilt opp på varden og sjå utsikten mot Austdalsbreen, ein av dei få breane i Fastlands-Noreg som kalvar ut i eit vatn. Breen som ein går over på dei turane som er beskrive her er temmeleg sprekkfri og trygg. Denne turen er aktuell allereie når ein kan køyre til Viva omlag 900 moh, då inneber det noko anmarsj opp vegen og frå snøfelt til snøfelt før ein kjem til dammen. Demninga er den største instalasjonen, og inngrepet i Breheimen-utbygginga på 80-talet.

Turen startar ved foten av dammen og går opp vestover. Gå rett opp dei skredtrygge sommarsnøbakkane, eller traverser inn i dei nordlege sidene av Vivakulen for meir og betre snø. Sjekk kvar du vil køyre ned på denne måten. Nord og aust for 1600-meterskota er det store sprekker, hald inne på flatene mot toppen der det er sprekkfritt, opp til toppen og flott utsikt. Frå kulen køyrer ein same vegen ned eller slepper seg ned lengre nord, 17.1, enn ein gjekk opp. Her er det nokre bresprekker høgt oppe.  

Renna ser ein mot vest medan ein køyrer bil oppover Fetbakkane mot Styggevassdammen. Frå brekul til renne til sommarleg lyng, denne renna er ein superklassikar på sommarsnø i Jostedalen. Bratte sidevegger i eit par hundre høgdemeter gjev rennekjensla. Både den lette anmarsjen rundt på nordsida med feller eller skia på sekken er skredtrygge alternativ på sommarsnø.