Sluttpunktet på turen er diffus der brebakkane etterkvart rundar inn på storbreen, men lunsj og storslått utsikt til Bergsetbreen på omlag 1580 moh er ein naturleg stoppestad. Dette er den einaste breturen i Krundalen vi kan gå god for tidlegare på vinteren grunna enklare bre, men vintersnø i desse store, jamne og svært nedsnødde flankane gjer risikoen for skred større. Vestavêret kan knapt finne betre plass å legge ifrå seg snø enn i Vetledalsbreen, på godt og vondt.

Kryss elva på eigna stad og gå opp på austsida av Vetledøla, på 1000 moh er eit bratt parti/hammar (37–40grader), vanlegvis går ein på nordsida her og så inn på ryggformasjonen som strekker seg oppover og vestover frå hammeren/bratt parti. Frå 1180 moh er ryggen mindre tydleg, og frå omlag 1280 moh startar breen. Herifrå kan ein gå nordover opp og mot drag/hylle på omlag 1360moh og inn på ryggen som er Vetlenibba. Fortsett opp ryggen til det flatar ut og finn eit godt utsiktspunkt inn i Bergsetbreen. Det er god plass til enorme svingar og fart ned Vetledalsbreen, eventuelt kan ein teste lårpumpen på 1200 høgdemeter kortsving i «alpejeger»-stil. God oversikt, og lite terreng og formasjonar til Jostedalen å vere gjev sunnmørske kjensler om ein følgjer oppturen nedover. Flatare terreng frå 900 moh kan omgåast ved å traversere innunder Vetlenibba for brattare og meir skredutsette bakkar. Frå omlag 680 moh kan ein vurdere å traversere vestover Krundalen for å sleppe seg ned den nederste delen av ei skogfri skredrenne som kjem frå Høgenibba. Dette lettar turen heimatt.