Fint og greit terreng for det meste, men for skilauparar som likar luft under skia er staden eit snøsikkert minigolf-område. Det vil seie at bakkane på vestsida av dalen er bratte med hamrar, hopp og småskavlar, men nedfartane er maks 220 høgdemeter. Altså ideelt for bratte småturar der renna ned har alt fokus, og felletraskinga berre er for å halde varmen mellom droppa. Vetle Geisdalen har vore og er arena for både rando-og stupkøyringskonkurransar. Vi minnar ellers på at ein reknar alle heng over 10 meters høgd som skredterreng om det er bratt nok!

Gå som mot Geisdalsnosi, og opp over skoggrensa. For å komme opp på Vetlegeisdalshalsane, som er ryggen mot vest heiter samstundes som ein studerer linjer kan ein gå inn heile dalen og opp innerst i botnen. Ellers kan ein også ta av vestover opp ein kort (150 høgdemeter) rygg frå litt før vatnet. Vestsida av dalen vert stort sett brattare jo lengre nord ein kjem.