Ruta skildra i nordsida, skiftar stadig karakter etter sesong og snømengd, også fordi breane smeltar ned.

Tilkomst/parkering: Frå Turtagrø langs Rv 55 Sognefjellsvegen. Sjå skildring (3.1 og 3.2) tilkomst Styggedalsbreen og Gjertvassbreen eller via Slingsbybreen (5.1).

Frå Turtagrø tar ein seg inn til Skagastølsbandet. Hald høgda rundt 1800 moh inn i sørsida til ein når Slingsbybreen. Følg beste veg opp breen og vidare opp til Mohns skar. Herfrå held du ei hylle som leier nordaustover og inn mot ryggen mellom Sentraltind og Vesle Skagastølstind. Eit lite opptak til ryggen, som følgjast til topps. Ruta til toppen av Vesle er kanskje ikkje innbydande skiterreng for dei fleste, så la skia stå i Mohns skar. Sjå òg nøye kvar det er best å følgje snøen/rampa frå Mohns skar til ryggen. Her varierer det ein del frå år til år.