Med turstart frå den gamle Rørvik fjellstove på 540 moh. får du raskt høgfjellskjensla, og på toppane kan du nyte storslagen utsikt over ­Haukedalsvatnet og Holsavatnet. Turane er fine både midt på vinteren og som vår-skitur.

Tilkomst/parkering: Parkeringsplass finn du på toppen av Rørvikfjellet, 100 meter frå Rørvik fjellstove i retning Førde.

Turen startar ved fjellstova og går i oversiktleg terreng ­sørvestover langs ein lang avrunda rygg. Du passerer nord for Svartenova, og går vidare opp i skaret der ryggen deler seg. Dette skaret vert kalla Jakobskardet. Du følgjer ryggen sørover for å komme til Venevassegga.