Det er god plass til mange svingar før ein kan kalle området oppkøyrt, samstundes er fjellet også den høgste toppen på austsida av dalen. Vangsen tyder «plogskjeret», og ein er ikkje skikkeleg jøstedøl før ein har vore her på ski! Seint og tidleg på året er turen kortare då ein kan køyre høgare med bil, sesongen varar som regel til juli før ein må bere ski, og ofte lengre.

Frå Myri går ein slakt opp langs Vanndalsvegen, etter stølen kuttar ein svingar opp til resabakken som er den siste bakken før skoggrensa opp til flatene før Vanndalsvatnet. Gå over elva på omlag 1000 moh og så austover litt opp og ned mot nordsida. Ein rygg startar rett sør for midten på Vanndalsvatnet, vel her slakaste veg opp. Ikkje gå opp den fyrste ryggen lengre vest med mindre tilhøva er trygge, den er rekna som ei dårlegare vinterrute grunna større eksponering for skred. Den svake ryggen går over i ei side, ein held litt vest, så brattare og austover før ein bikkar kanten inn i den såkalla «superbowlen». Gå opp dette søkket mot sørvest til det flatar ut. Så sør opp bratt parti, før ei flate og ein følgjer ryggen til topps eller går rundt på den vesle breen, aust for toppen. Det er enklare, men litt lengre. Nedatt er mange småvariasjonar av normalveger både mogelege og kjekke. 

Etter det bratte partiet på 1500 moh, skli ut flata rett nord og bikk over kanten på eigna stad. Følg fallinja, og etterkvart vestover og ned ryggen her og innpå oppoversporet.