Gardane på Fretland ligg 500 moh noko som gjer at dette blir ein relativ kort topptur.

Parkering: Frå Sogndal sentrum følgje ein Dalavegen opp frå rutebilstasjonen. Ta av ved skiltet Fretland og parker oppe ved gardane på egna plassar. Frå Fjærland følgje ein riksveg 5 ned Sogndalsdalen mot Kleiv som er ei skilta avkøyring. Avkøyringa ligg rett før avkøyringa til Hodlekve skisenter. Ta nedover Dalavegen mot skiltet til Fretland. Vis omsyn når ein parkerer ved gardane.   

Frå den vestlegaste garden  går ein over jordet til stølen Tråna. Herfrå er det ope kulturlandskap opp til tregrensa. Oppturen følgje den sørlegaste ryggformasjonen oppover. Kring 1050 moh går ein på vestsida av ryggen til ein kjem til toppen.