Frå toppen av Tverrfjellet og ned mot Litlebotnen ligg ei jamn og fin side, men godt skjult frå allfarveg og derfor eit relativt ukjent toppturmål. Sjansen er stor for at du får sette ­førstesporet ned den søraustvende sida. Frå Litlebotnen er det fint og variert terreng heilt ned til Hårklau. 

Tilkomst/parkering: Følg fv483 til Hårklau på nordsida av Haukedalsvatnet. Parkering finn du ved innkøyringa til gardstuna her.

Frå Hårklau følgjer du skogsvegen opp mot restane etter Hårklaustølen. Der skogsvegen sluttar held du fram ­oppover langs elvegjelet. Om lag der elva frå Litlebotnen møter Hårklauelva (585 moh.), kryssar du elva og går nordaustover på venstre sida av elva som kjem ned frå Litlebotnen. Ved inngangen til Litlebotnen svingar du nordvestover og følgjer ryggen oppover til toppen.