Ein av dei fyrste skiturane vi veit om her var våren 1945, då feira krundølene med å gå ein lang og strabasiøs skitur opp breen, nedatt mot Nordfjord og så heim. Vidjebindingar og kvinnfolk med stakk, lite niste og dårlege kart gjorde at det framleis går gjetord om turen.

Labb over markene frå Bergset, forbi uteløa etter grinda, og ta deg inn over små moreneryggar og finn vegen opp nordover gjennom meir eller mindre tett skog inn mot svaa under tuftebreen. Grunna småskogen er det ein stor fordel med mykje snø her. På sørsida av svaa finnes den greiaste oppturen, kryss etterkvart bratt oppover, til det flatar ut og Tuftebreen dukkar opp. Bratte sider med skredrenner på begge sider gjer at midten av dalen er mest fornuftig vegval, sjå an tilhøva på breen for beste vegval. Normalt sett vil det vere greiast på austsida av breen heilt i starten, før ein dreg innover mot midten. Breelver er ein fare midt på bretunga. Den lettaste vegen igjennom fallet går ofte vestover/til høgre på eit slags galleri eller ishylle når ein næmar seg dei bratte veggane i toppen av brefallet. Her går ein over store sprekker, så gode tilhøve er viktig. Eit anna alternativ er til høgre/aust for dei bratte veggane. Isras er ein reel fare under nær vertikale isveggar. Etter galleria bratnar det i snørenna tett i fjellet, her er den mest utsette delen av turen i høve utgliding. Vidare greit eit stykkje til før ein rundar inn på slakare breterreng mot Kråfjellet og utsikt inn i Bergsetbreen og utover Jostedalsbreen. Ein må vurdere tau også nedatt om tilhøva er vorte dårlege med roten snø. Nede på bretunga er det best å halde seg unna søkk i midten av breen, då det renn ein djup smelteelv her. Fronten av breen er svært oppsprukken, så vel ei trygg rute. Ned svaa er snøen mindre solpåverka lengre aust.