Det vitnar mange lokale stadnamn om når både Kvanneskredene, Hesteskreda og Sigridskreda er plassert i Trollebotseggane.  Og som i eventyra har sjølvsagt også dette trollet fleire hovud. Dette må du passe på å utnytte når du skal lage ditt eige eventyr på veg ned att i laussnøen i denne trolske sida.  

Tilkomst/parkering: Frå Skei følgjer du E39 nordover og tek av på Klakegg i krysset skilta mot Stardalen. Frå Klakegg køyrer du fv453 til Veiteberg. Nokre hundre meter etter at du har passert brua over Veitebergselva, kjem du til ein skogsveg som går opp i Veitebergsdalen. Her er det mogleg å finne parkering.  

Du følgjer skogsvegen mot Veitebergsdalen til kraftdemningen. Du kryssar elva ved brua om lag 200 meter lenger oppe, og held fram nordvest mot Kvanneskaret. Første del av oppstigninga mot skaret er den brattaste delen av ruta og krev gode val av rute. Når terrenget vidar seg litt ut følgjer du det slakaste terrenget, og held venstre side av skålformasjonen. Vidare går du sør for fjellformasjonen øvst i Kvanneskaret, lokalt kalla for Svartenipa. Når terrenget flatar ut går du nordover siste stykket mot toppen.