Ein: I den austvende sida legg snøen seg ofte tidleg og ligg langt ut på våren. To: Toppen lokkar med ei side på rundt 800 høgdemeter der du sjølv kan velje og vrake i helling og open skog å leike deg i. Tre: Fjellet er ein lett tilgjengeleg topp i vakre og dramatiske Befringsdalen. Fire: I det du bikkar toppen opnar utsikta seg mot Jølstravatnet, i tillegg til fjell og brear.

Tilkomst/parkering: For å komme til Stardalen følgjer du E39 vidare til Klakegg, der du tek av mot fv453 som er skilta Stardalen. På Lyngstad tek du av mot Befring. På den lange strekninga på Befring, tek du av mot skogsvegen som går opp austsida av Befringselva. Tidleg på sesongen finn du parkering ved kraftstasjonen, eller ved bommen eit kort stykke opp skogsvegen. 

Frå Befring følgjer du skogsvegen opp i Befringsdalen. Du kan òg gå opp røyrgata frå kraftstasjonen som ligg der skogsvegen startar. I Befringsdalen kryssar du Befringselva like nedanfor demninga. Frå elva skrår du mot sørvest opp gjennom skogen til du ser rett ned på Flatjordstøylen og Grepstadstøylen. Herifrå går du mot vest i jamn stigning opp sida. Når du nærmar deg toppen legg du sporet mot det lågaste punktet i skaret. Her vil du oftast finne ein stad du kan passere skavlen som heng langs austsida av egga. Frå skaret følgjer du ryggen i nordleg retning opp til varden.