Frå Grøssete er det omlag 5 kilometer til Torstadnakken, 1565 moh. Ein alternativ tur, som har ei meir direkte fallinje er å gå frå Kvam/Torstad. Denne turen er betre egna for toppturski, spesielt om ein traverserar bort til Kvamshalsen på veg ned igjen til Kvam.  

Grøssete parkering: Frå Sogndal sentrum følgje ein riksveg 5 til avkøyringa mot Kleiv som er rett etter avkøyring til Hodlekve skisenter. Parker på egna plassar ved Svedal. Frå Fjærland følgje ein riksveg 5 til avkøyringa mot Anestølen og Selseng. Følg Dalavegen nedover til Svedal.

Torstad/Kvam parkering: Frå Sogndal sentrum, eventuelt Fjærland, følgje ein riksveg 5 til Anestølen og Selseng. Følg Dalavegen nedover til Torstad/Kvam. Parkeringa er ved Torstad/Kvam.