Den eine oppturen kjem opp frå Frudalen (11.3, sjå side 76) og den andre via Togga 1205 moh (13.1, side 66). Nedfarten i nordsida er den same vegen som oppturen mens nedfarten ned sørsida går i øvre del av den første sørflanken slik at ein kjem seg vest av ein uavhengig fjellrygg. Vest av denne fjellryggen er det ein annan sørflanke som fører ned til ei trong og bratt renne. Renna startar ved ein pinakkel på fjellryggen.

NB: Rett under Togga 1340 moh sin sørflanke/bolle er det eit stort rennesystem og med større sideflankar som går ned i Laugadalen. Dette rennesystemet vil fungere som ei stor terrengfelle ved skred. 

Bruk oppturen 13.1 til Togga 1205 moh frå parkeringa. Frå toppen av Togga følgjer ein ryggen vestover ein kilometer til ein kjem til Togga 1340 moh. Til Togga 1340 moh er det 3,7 kilometer frå Brandhaugadn.