Frå Togga 1205 moh er det fint å følgje ryggen vestover til høgde 1340 moh eller Nystølsfjellet. Det er mest vanleg å gå på Togga frå Gunvordal (13.1, sjå side 66).  

Frå rasvollen ved riksvegen følgjer ein slakaste terrenget opp på nordaustryggen til Togga 1205 moh. Det er ein smal, bratt og eksponert passasje langs ryggen mellom 920–960 moh. Alternativ opptur er 13.1 søraustryggen på Togga.

Nordaustryggen er ein av fleire nedfartar frå Togga 1205 moh. Denne varianten vert oftast nytta mot slutten av sesongen. Skikøyringa ned til Frudalen er fin. Følg nordaustryggen ned til Skredene og vidare ned til riksvegen.