Ein kan også få fin skogskøyring i skogbeltet ned igjen. I denne boka har vi med 6 nedfartar frå Togga (nedfartane til Frudalen er skildra på side 74/75). Normalvegen er søraustryggen opp og ned. Sørsida har to nedfartar, nordsida har ein nedfart og austsida har to nedfartar. Elles kan det nemnast at lokal skihistorie hevdar at den første toppturen på Togga var i 1985, og at den øvste bjørka oppe ved Orraleiken har det lokale namnet «Johannes-bjørka». 

Start frå toppturparkeringa på Brandhaugadn. Gå mot søraustryggen og følg denne oppover. Når skogen tar slutt kjem ein brattare passasje. Når ein kjem opptil Orraleiken flatar det ut. Etter Orraleiken blir det jamt bratt til toppunktet Togga 1205 moh. Dersom ein skal ned igjen sørsida fortset ein ryggen vestover 250 meter til høgde 1240 moh. Før denne høgda er det eit kort brattare parti som det ofte dannar seg ein skavl på. Drei sørover for å komme opp skavlen. Høgda vest av skavlen er startpunktet for nedfarten ned sørsida av Togga til Laugadalen.  

Frå toppen av Togga 1205 moh sklir ein i søraustleg retning ned til Orraleiken 1020 moh. Her dreiar ein austleg og fortset ned eit brattare parti før ein kjem inn i skogen. Ein kan følgje ryggen ned eller ein kan ta ei direkte linje ned austflanken under Orraleiken. Følg skogen i fallinja ned til riksvegen.