Her kan du velje linje etter kor mykje du ønskjer å utfordre deg. På veg opp ryggen passerer du det luftige Gygraklovet. På kanten av dette ser du rett ned i Jølstravatnet og har utsikt mot Vassenden. Turen er lett tilgjengeleg frå E39. 

Tilkomst/parkering: Om lag fem kilometer aust for Vassenden tek du av mot Berg i Svidalen. Det er skilta toppturparkering ved Svidalselva med parkeringsavgift. Der er òg sett opp informasjonstavle som fortel litt om fjellet og turen. 

Frå parkeringa går du opp bøen sør for Svidalselva. Deretter går du vidare gjennom eit relativt kort skogsområde opp mot ryggen som tek deg mot Gygraklovet. Herifrå følgjer du ryggen vidare opp mot toppen.