Det er med å samle mykje snø, og gir ofte gode snøforhold gjennom store delar av sesongen. Oppstigingane via ryggane i dette landskapet gir naturopplevingar på høgde med det beste i landet. Ønskjer du oppstiging langs smal og luftig egg, er Skåhammarsegga ruta for deg. Likar du brattare utfordringar er Kvitsvornipa eit godt alternativ. Oppstigingane kan du kombinere med nedkøyringane til ulike rundturar. 

Tilkomst/parkering: Ta av frå E39 mot Øvrebø ved Eikaasgalleriet på Ålhus. Etter vel ein km tek du av til venstre like etter Bensentunet, eit gammalt gardstun frå 1600-talet, som ligg på oppsida av vegen. Parker ved driftsbygningen på første garden du møter.  Dersom du ønskjer å gå opp Skåhammarsegga, køyrer du heilt inst i dalen og finn parkering langs vegen mellom Indrebø og Dalebø. Det er framtidige planar for toppturparkering på begge desse stadane. 

Dette er den vanlege oppstiginga. Frå garden der du parkerte bilen, held du fram nordover langs vegen inn i Nedrebødalen. Etter nokre hundre meter der skogsvegen flatar ut, tek du mot aust like etter at du har passert eit gammalt uthus/løe. Herifrå følgjer du ein kort skogsveg og legg deretter sporet nordaust opp mot ryggen som vil ta deg vidare mot Blåfjellet. Følg ryggen vidare mot Trollet, Sølvet, Kvitsvornipa og Syskarnipa.