Oppturen går via Strupen som ligg vest av Nonsholten og høgde 1387 moh. Direktelinja ned nordsida har inngang i den austlege enden av skavlen og ned i Laugadalen. Skavlen på Synnevaskjer kan bli stor og kan gjere inngangen til den austlege varianten vanskeleg. Den vestlege varianten går frå toppen i meir nordvestleg retning og kjem ned innafor Laugavatnet. 

Ein kan bruke oppturen til Nonsholten (4.1) eller ein kan bruke Grånipa oppturen (6.1) til høgde 1387 moh. Rund sør av høgde 1387 moh og skli ned i Strupen (1250 moh). Austsida ned til Strupen er 35 grader bratt. Fortsett langs ryggen på nordsida mot Høgafjellet. Kring 1350 moh blir terrenget slakare. Skal ein til nordsida av Synnevaskjer går ein til Høgafjellet. Går turen til den nordvestlege varianten, går ein inn breen til toppvarden på Synnevaskjer.    

Lokaliser inngangen frå Høgafjellet. Inngangen og brattheita vil variere etter korleis skavlen bygger. Nedfarten følgjer austleg sektor av nordbollen. Nordsida er jamt bratt med eit slakare parti kring 1130 moh. I nedre flanke er det eit belte med småklipper og stein. Drei svakt i vestleg retning før ein kjem ned i Laugadalen. Følg Laugadalen tilbake til parkeringa i Gunvordalen.