Nipa lokkar med dramatisk utsikt, men likevel er det nok sjølve oppstigninga og nedkøyringa via Lundeskaret du i etterkant vil hugse som det mest spektakulære. Lundeskaret var tidlegare ferdselsveg frå Jølster til Fjærland, og er i dag ein av DNT sine brattaste sommarturstiar. Om vinteren og våren vert Lundeskaret omgjort til ei perfekt, krevjande renne!

Tilkomst/parkering: Frå Førde køyrer du E39 til Skei. Ta av mot rv5 skilta mot Sogndal og Fjærland. Parker på utkikksplass like før Fjærlandstunnelen. 

Frå parkeringa kryssar du vegen og finn sommarstien mot Lundeskaret på høgre sida av elva. Følg stien opp mot Lundeskaret til du kjem opp i snøen. Skaret er så bratt at du må gå på skoa med skia på sekken. Frå toppen av Lundeskaret held du fram mot sørvest, og skrår opp lia litt nordaust for Grytevatnet. Gå vidare i retning mot Tuva (1304 moh.). Følg ryggen mot sørvest, og der terrenget flatar ut svingar du mot nordvest opp mot toppen av Sygnesandsnipa.