Sidan ruta er vestvend inviterer den også til turar i kveldssol. Toppen ligg i eit naturskjønt område der du får god utsikt mot gardane på Fimland, ­wVonavatnet og fjellområdet inst i Naustedalen.

Tilkomst/parkering: Frå Naustdal følgjer du rv5 mot Florø. Ta av til høgre mot fv512 før Naustdalstunnelen. Følg fv512 vidare mot Nes. På Fimland tek du av fylkesvegen og køyrer privat veg skilta mot Svorstøl.

Turen startar på velteplassen ved Svorstøl og går eit kort stykke på skogsveg. Følg elveleiet i austleg retning, og skrå deg mot det flate partiet nord for Knolten. Her legg du sporet til høgre for granskogen. Du kryssar oppover i fin bjørkeskog, og etter skoggrensa held du fram austover i sida opp mot Svorstølsheia.