Nordsida til Svarteholten er nok den mest brukte toppturen frå Sogndalsdalen. Grunnen til det er gjerne den lettkøyrde skogen under holten og at det er ein fin tur når det er dårleg sikt, eller dårleg ver i høgfjellet.

Følg riksvegen over brua mot Sogndal. Ved busslomma går du opp på jordet og gjennom ei opa grind på høgre hand. Rett etter grinda dreiar du oppover mot Svarteholten. Kring 800 moh blir det brattare, skrå mot aust slik at du kjem aust av Svarteholtryggen. Fortsett til kring 880 moh, drei deretter mot vest og gå opp på Svarteholtryggen i lågaste punktet. Følg ryggen til toppvarden på Svarteholten.

Nedturen følgjer oppturen. Følg ryggen eit stykke før du sklir i austleg retning, og følgjer dalen som ligg aust av ryggen. Etter dalformasjonen kjem du ned i ein fin og open skog.