Ruta opp og ned frå Svartevatnet. Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Ytstevasshornet

Med start frå den høgtliggande fylkesvegen får du her mange gratis høgdemeter til ein relativt høg topp gjennom heile vinteren, med flott utsyn frå toppen og ei fin nedkøyring. Ver likevel merksam på at turen er nokså krevjande på fleire vis.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Strandafjella
    • Toppunkt: 1330
    • Høydemeter: 800
    • Kilometer: 3
    • Faremomenter: Skavlar langs toppryggen. Skredterreng i sida ned frå hovudtoppen og ikkje minst i Vassdalen.
    • Startsted: Svartevatnet
    • Tid opp/ned: 3 timar
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 3 km.

    Stigning: 800 meter.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Farar: Skavlar langs toppryggen, og særleg i det du rundar skaret mellom fortoppen og hovudtoppen. Skredterreng i sida ned frå hovudtoppen og ikkje minst i Vassdalen, der det går skred mest kvar vinter.

    Vegval: Følg E39 frå Volda sentrum til du kjem ut av Kvivstunnelen. Ta her av på veg 60 til Stranda sentrum og vidare opp bakkane til Stranda skisenter. Følg vegen gjennom Hevsdalen i om lag 3,5 km forbi skisenteret, til du kjem til Svartevatnet. Frå Ålesund tek du ferja Magerholm–Aursneset, før du følgjer veg 60 heilt til du kjem til Svartevatnet i Hevsdalen. Parker her, og følg elva oppover Vassdalen i nokså bratt terreng til du når nokre småvatn i om lag 900 meters høgde. Ta no nordover og sikt deg inn på toppegga. Når ein kjem til ein liten fortopp, er det vanleg å ta av skia og gå dei siste metrane langs egga til hovudtoppen. Mellom fortoppen og hovudtoppen er det eit skar som vanlegvis har ein veldig stor skavl. Gå derfor godt ned i sida når du rundar skaret!

    Nedkøyring: Frå fortoppen og ned mot Vassdalen får du ei nydeleg nedkøyring i moderat terreng, medan det blir meir krevjande skiterreng ned sjølve Vassdalen.

    Ytsyn frå Ytstevasshornet mot kjende sunnmørsfjell, slik som Slogen. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå