Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

Farar: Skavlar frå Nottane og til topps, først austover mot Trollbotnen. På toppen dannar det seg ofte ein veldig stor skavl vestover mot Lisje Veirahaldet. Hald derfor godt mot aust her. Skredterreng i den alternative nedkøyringa mot Trollbotnen.

Vegval: Køyr om lag 15 km frå Ørsta sentrum på veg 655 mot Sæbø. Ta av opp til venstre ved skilting mot Skisenter. Gå opp skitraseen (gjerne via Nakkeløypa) eller ta trekket/stolheisa opp på Eitrefjell, og rund Storevatnet til skitrekket i Nottane. Frå toppen av dette kan ein følgje ryggen heile vegen til topps i variert og flott terreng med fin utsikt mot kjende toppar som Saudehornet, Vassdalstinden og Kolåstinden. Det vanlege er å følgje same veg ned. Men dyktige skikøyrarar kan leggje vegen om dei stupbratte klippene ovanfor Trollbotnen – om tilhøva tillèt det. Alternativ nedkøyring til Frølandsdalen og Follestaddalen gir om lag 1000 høgdemeter køyring, men derifrå må ein ha bil for å kome seg attende til skisenteret.