Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø vil ein trenge stegjarn og/eller isøks for å klatre heilt til topps, og ikkje minst om ein har tenkt å køyre linja ned mot Nupadalen.

Farar: Skredterreng både på veg opp i Bukkedalen, i den lange topprenna og ned renna mot Nupadalen.

Vegval: Følg veg 655 frå Ørsta sentrum i retning Sæbø og ta opp til venstre på Mosmarkvegen. Følg vegen forbi gravplassen og ta av til venstre på grusveg mot Mosætra. Følg sætre- vegen med bil eller på ski til du når ei stor trebru. Kryss denne til fots og følg vegen til Vallasætra. Gå nokre hundre meter inn forbi setra, før du sikkar bratt opp kneika som tek deg til Bukkedalen. Følg austsida av denne heilt til du ser den lange og dryge flanken som fører deg til toppen.

Nedkjøyring: Retur same veg startar med austrenna som gir deg mange hundre høgdemeter med køyring i opp mot 40 graders helling. Turen vidare nedover Bukkedalen og tippinga utfor kanten mot setra er også fin. Men ved optimale snøforhold byr Vassdalstinden jamvel på endå meir ekstreme linjer for den erfarne skiløparen. Frå skaret like nord for toppen ser du ei 45- graders-renne som stuper 700 høgdemeter beint ned i Nupadalen. Dei første 50 høgdmetrane er så bratte at ein gjerne må klatre ned med stegjarn og isøks.