Skikøyrar droppar ned ei alternativ linje frå toppen av Urkedalstinden. Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Urkedalstinden

Urkedalstinden får sjeldan besøk vinterstida, då turen opp og ned er krevjande. Men for den erfarne skiløparen har dette fjellet mykje å by på.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Hjørundfjordområdet
    • Underområde: Rånahalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1534
    • Høydemeter: 1450
    • Kilometer: 6
    • Faremomenter: Skredterreng heile vegen i sida opp til Grøtdalen og opp toppryggen. Skavlar på toppen.
    • Startsted: Haukåssætra
    • Tid opp/ned: 4 timar frå Haukåssætra.
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 6 km frå Urkegjerdet. 4 km frå Haukåssætra.

    Stigning: 1450 meter frå Urkegjerdet. 1300 meter frå Haukåssætra.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø vil ein trenge stegjarn og/eller isøks for å klatre toppryggen.

    Farar: Skredterreng heile vegen i sida opp til Grøtdalen og opp toppryggen. Skavlar på toppen.

    Vegval: Følg veg 655 frå Ørsta sentrum til Sæbø. Ta ferja Sæbø–Lekneset og hald fram om lag 2 km på veg 655 til du kjem til Urke. Ta no venstre inn på grusveg og køyr nesten til vegens ende i retning Haukåssætra. Gå om lag 1 km inn dalen mot Nordkopen. Ta her høgre bratt oppover lia mot Grøtdalen. Følg denne innover til skaret vest for Grøtdalstinden (1420 moh.), der du kan sjå ned mot Regndalsbreen og Vellesætra i nord. Sikk no bratt oppover toppflanken.

    Nedkøyring: Returen går same veg som du kom opp og gir bratt og artig køyring for den erfarne skiløparen.

    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå