Ruta opp og ned frå Riksheimdalen. Hugs å runde dei regulerte vatna. Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Tungremtindane

Tungremtindane byr på ein lang skitur i moderat terreng og eit heilt utruleg utsyn frå toppen.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Rånahalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1290
    • Høydemeter: 1200
    • Kilometer: 7
    • Faremomenter: Skredterreng i sidene i Riksheimdalen og på toppflanken. Vatna som du passerer, er regulerte, noko som gjer at du bør unngå å krysse dei.
    • Startsted: Erstad
    • Tid opp/ned: 5 timar
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 7 km.

    Stigning: 1200 meter. 

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Farar: Skredterreng i sidene i Riksheimdalen og på toppflanken. Vatna som du passerer, er regulerte, noko som gjer at du bør unngå å krysse dei. 

    Vegval: Følg E39 frå Ørsta nordover mot Ålesund. Ta ferja Solavågen–Hundeidvika. Ta av venstre like etter ferjeleiet og følg hovudvegen mot Sykkylven/Stranda i om lag 15 km til du kjem til Erstad. Frå Ålesund tek du ferja Magerholm–Aursneset, før du følgjer veg 60 i om lag 8 km til Straumgjerdet. Ta av til høgre i krysset ved Straumgjeret og følg vegen i om lag 3 km til du kjem til Erstad. Parker her og følg anleggsvegen oppover til Dammen. Gå no sørvestover innover Riksheimdalen i fint, slakt skiterreng heile vegen oppover til Storevatnet, som du må runde mot aust. Følg deretter austryggen heile vegen til toppen av Tungremtindane. Utsynet frå toppen, beint ned i Hjørundfjorden, med Sætretindane, Standalhornet og Molladalstindane midt imot, er verkeleg bra! Riksheimdalen er også eit fint utgangspunkt for toppar litt lenger nord på Rånahalvøya, slik som Sunnavindsnipa, Hundatinden og Skopphornet.

    Nedkøyring: Nedkøyring same veg byr på moderat til lett skiterreng. Vil du ha ein skikkeleg rundtur, kan du ta gjennom det første skaret i sør og svinge deg nedover Nesdalen så lang snøen rekk, og gå vidare til fots langs utydeleg sti til du når gardane på Nes. Følg den eksotiske vegen til Trandal og vidare sørover til vertshuset Christian Gaard på Lisje-Trandal. Dette vil gje deg ei totaloppleving av natur og bygdekultur som du seint vil gløyme. Men, vegen attende til Erstad er mildt sagt omstendeleg, m.a. fordi ein må ha ferje eller båtskyss for i det heile teke å kome seg frå Trandal. Det beste er derfor at du tek natta på Trandal, som er eit glitrande utgangspunkt for nye toppturar, m.a. Blåbretinden.

    Turfølgje på veg opp frå Førstevatnet til Andrevatnet. Toppryggen bak. Foto: Håvard Myklebust.
    Magisk utsyn både inn, ut og over Hjørundfjorden frå toppen av Tungremtindane. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå