Ruta opp frå Lisjebøvatnet til Trollvasstinden. Foto: Tove Nilsen Løset.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Trollvasstinden og Bytnigstinden

Trollvasstinden og Bytingstinden ligg side om side, og desse fjella byr på ein verkeleg flott skitur både opp og ned, same kva for side du startar frå og endar opp på.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Dalsfjordfjella
    • Toppunkt: 1285
    • Høydemeter: 700
    • Kilometer: 3
    • Faremomenter: Skavlar langs heile toppryggen. Skredterreng i sida ned mot Sanden sæter.
    • Startsted: Lisjebøvatnet
    • Tid opp/ned: 2-3 timar
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Her skildrar vi turen frå Lisjebøvatnet, med mogeleg retur til Laurdalen eller Sanden sæter.

    Lengd: 3 km.

    Stigning: 700 meter.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. 

    Farar: Skavlar langs heile toppryggen. Skredterreng i sida ned mot Sanden sæter.

    Vegval: Ta ferja Volda–Folkestad og ta av på veg 40 like etter ferjekaia og køyr om lag 11 km sørvestover langs Dalsfjorden. Ta opp til venstre ved Dale og følg «Fjellvegen» opp til Lisjebøvatnet, som brukar vere open heilt opp utpå vårparten. Gå først eit stykke inn langs vatnet, før du tek av oppover mot Rangsæterhornet. Komen opp her, kan du følgje den slakke ryggen heile vegen søraustover til Øvstevarden. Deretter langs ryggen og vidare til topps på Trollvasstinden.

    Nedkøyring: På toppen har du tre alternativ. Det eine er å returnere same vegen som du kom opp. Eit anna alternativ er gå via eit nytt skar over til Bytingstinden, der du kan renne i fint terreng nedatt til Laurdalssætra og vidare langs sætrevegen til Søre Bjørkedal. Eit tredje alternativ er å ta ei nydeleg nedkøyring frå toppen og direkte ned til Sanden sæter. Ved båe dei to sistnemnde alternativa bør du ha skyss attende til Lisjebøvatnet. Turen kan også gjerast i motsett rekkjefølgje, men oppstigningane frå Laurdalen og Sanden sæter er meir krevjande enn den frå Lisjebøvatnet.

    Sindre Rudi i magisk kveldslys under ei alternativ nedkøyring til Sanden sæter. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå