Ruta opp og ned frå Hatlestadgardane. Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Torvløysa

Dette er ein lang og fin tur som går i moderat terreng til ein av stortoppane i området. Utsynet frå toppen er upåklageleg.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Tafjordfjella
    • Toppunkt: 1850
    • Høydemeter: 1500
    • Kilometer: 8
    • Faremomenter: Dersom du følgjer den skildra ruta, kan du halde deg under 30 grader mest heile vegen, men ver varsam i kneika like under toppen.
    • Startsted: Hatlestad-gardane i Norddal
    • Tid opp/ned: 6 timar
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 8 km.

    Stigning: 1500 meter.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Farar: Dersom du følgjer den skildra ruta, kan du halde deg under 30 grader mest heile vegen, men ver varsam i kneika like under toppen. 

    Vegval: Frå Ålesund følgjer ein E136 til Moa der ein tek av på E39 mot Trondheim. Ta av til høgre når du kjem til Sjøholt og følg veg 650 mot Geiranger, til du kjem til Linge. Frå Volda følgjer du E39 til du kjem ut av Kvivstunnelen. Ta her av på veg 60 til Stranda sentrum. Ta her ferje til Liabygda, og følg veg 650 til Linge. Frå Linge tek du ferja til Eidsdal, der du køyrer til Norddal. Frå botnen av Norddalen tek du oppover vegen som går over Storåsnakken til Eidsdalen. Parker ved Hatlestad-gardane i 350 meters høgd, og gå slakt inn i munninga av Dyrdalen. Frå Rellingssætra tek du deg brattare opp på Daurmålsfjellet. Herifrå følgjer du ryggen i slakt terreng heile vegen til toppen av Torvløysa.

    Nedkøyring: Følgjer du same veg nedatt, får du ei flott nedkøyring i moderat skiterreng. Etter at vegen opp til Herdalssætra har opna, får du her ein relativt kort og fin skitur opp til denne stortoppen.

    Pudderdans i skogbeltet. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå