Lengd: 4 km.
Stigning: 1000 meter.
Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.
Farar: Skredterreng i sida opp frå Nøvedalen/Aklestaddalen til topps. Skavl langs nordsida av ryggen.
Vegval: Parker omlag 300 meter ovanfor kraftstasjonen, som ligg på vegen mellom Standaleidet og Standal. Gå bratt opp open skog til Nøvedalen/Aklestaddalen. Sikk deretter opp ryggen til topps. Nyt utsynet over Hjørundfjorden djupt under deg og Kolåstind-massivet nordvest for deg.
Nedkøyring: Køyr ned same veg som du kom opp med jamn hellingsvinkel på om lag 30 grader, noko som gir fin-fin krusing på pudder eller kornsnø.
To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.