Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

Farar: Skredterreng når ein rundar vestover frå Molladalsskaret til topps.

Vegval: Frå Ålesund tek ein ferja Solavågen–Festøya. Følg vegen sørover på vestsida av Hjørundfjorden i retning Standal. Frå Volda/Ørsta kan ein ta vegen over Standaleidet og følgje vegen nordover på vestsida av Hjørundfjorden. Ta av ved brua på Ytre-Standal opp nokre bratte svingar til garden Bakkane. Herifrå følgjer ein vinterstengd setreveg i knappe 2 km, vidare oppover i slakt terreng forbi Ytre-Standalsætra, der ein peilar seg inn på Molladalsskaret. Når ein nærmar seg skaret, rundar ein vestover under egga til toppen.  

Nedkøyring: Ein kan ta same veg ned som opp, eller ein kan velje ein noko brattare retur direkte frå toppen og ned mot setra. Den sistnemnde byr inn til store svingar og høg fart på topp- flanken, før ein blir invitert inn i eit artig landskap av morenerygger med open skog. Hald deg helst nord for elva ned mot setra.