Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

Farar: Orienteringsvanskar langs toppryggen ved skodde eller snødrev. Skredfaren er liten om du følgjer søraustryggen opp og ned.

Vegval: Følg E39 frå Volda langs Austefjorden til du kjem til Kvivstunnelen. Køyr ikkje gjennom denne, men ta av mot Bjørke og køyr ned til Kalvatn. Ta her venstre mot Osdalen og vidare opp den heilårsopne vegen opp bakkane til Grøndalssætra. Følg setrevegen eit kort stykke innover, før du tek av nordover gjennom open lauvskog i slakke bakkar til du når søraustryggen. Følg denne heile vegen til topp-platået, som strekkjer seg endå ein kilometer nordover mot toppvarden. Hald deg heile vegen nær midten av platået, slik at du ikkje hamnar utfor dei bratte veggene i vest og aust!

Nedkøyring: Følg same veg nedatt i slakt og etter kvart kuppert terreng. Som alternativ kan du køyre litt brattare direkte ned mot setrevegen. Båe delar gir fin-fin krusing, både i puddersnø tidleg på vinteren og i kornsnø utpå vårparten.