Ruta opp frå Rørstad, via Lauvadalen og vidare opp langs toppryggen. Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Storhornet-Rånahalvøya

Vegen opp til Storhornet er ein lang og nokså krevjande skitur frå alle sider. Til gjengjeld byr fjellet på fin nedkøyring ned fleire moglege variantar og på ekstreme nedkøyringsalternativ for dyktige alpinistar.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Rånahalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1600
    • Høydemeter: 1500
    • Kilometer: 6
    • Faremomenter: Skredterreng både opp lia mot Lauvadalen og i austsida av dalen. Orienteringsvanskar i toppområdet ved skodde eller snødrev.
    • Startsted: Rørstad
    • Tid opp/ned: 5 timar
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Lengd: 6 km.

    Stigning: 1500 meter.

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. 

    Farar: Skredterreng både opp lia mot Lauvadalen og i austsida av dalen, og særleg om du vel ei av rennene frå toppryggen direkte ned i Lauvadalen. Orienteringsvanskar i toppområdet ved skodde eller snødrev.

    Vegval: Følg E39 frå Volda sentrum til du kjem til Kvivstunnelen. Køyr ikkje gjennom denne, men ta av til venstre og følg skilting mot Bjørke. Etter om lag 5 km kjem du til Rørstadgardane i Skjåstaddalen. Vis omsyn til gardsdrifta når du parkerer. Gå no bratt opp lia i open lauvskog til Rørstadsætra ved inngangen til Lauvadalen, eventuelt med skia på sekken. Følg dalen heile vegen innover forbi Lauvadalsvatnet, før du sikkar bratt opp-over ei renne som tek deg til Blåbreen. Komen opp på breen, tek du nordover langs ryggen i slakkare terreng til toppvarden.

    Nedkøyring: Returen same veg byr på nydeleg køyring i moderat til krevjande terreng med opp mot 35 graders hellingsvinkel. Storhornet byr også på fleire svært bratte renner direkte frå toppryggen og ned i Lauvadalen. Vi gjer merksam på at dette er linjer som berre må køyrast på absolutt skredtrygge dagar utan utglidingsfare og av svært erfarne skiløparar. Som alternativ opptur og nedkøyring kan ein velje ei lang, slakk og skredtrygg rute frå Hjortedalssætra i Hornindal via Blåbredalen og Blåbreen. Eit anna alternativ er å køyre ned Tverrelvdalen til Tyssedalen og Bjørke. Du treng då skyss dei 4 km attende til Rørstad.

    Skiløparar klyv opp mot Bjørkehornet på jakt etter ei spektakulær nedkøyring. Rokkekjerringa kneisar i bakgrunnen. Storhornet ligg opp til høgre, utanfor biletet. Foto: Håvard Myklebust.
    Olav Viddal fresar pudder i den alternative nedkøyringa mot Tyssevatnet og Bjørke. Bjørkehornet bak. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå