Draumelinja ned frå Store Smørskredtind kan berre køyrast av erfarne alpinistar på absolutt skredtrygge dagar. Foto: Eirik Vaage.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Store Smørskredtind

Store Smørskredtind er den mindre kjende nabotoppen til Slogen, men byr på ei av dei meir ekstreme skilinjene i Sunnmørsalpane.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Rånahalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1631
    • Høydemeter: 800
    • Kilometer: 3
    • Faremomenter: Det er snøskredterreng i heile området. Det også stor utglidingsfare og fare for breglepper.
    • Startsted: Patchellhytta
    • Tid opp/ned: 3 timar.
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede.

    Linja frå toppen og rett ned renneformasjonane mot Patchellhytta er godt synleg og temmeleg spektakulær frå oppstigninga til Slogen.

    Lengd: 3 km.

    Stigning: 800 meter. 

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø vil ein trenge stegjarn og/eller isøks for å klatre opp mot skaret i nordsida og dei siste 300 høgdemetrane opp renna til toppen.

    Farar: Det er snøskredterreng i heile området. Særleg farleg er det opp mot skaret i nordsida, opp renna i austsida og ned rennene i vestsida frå hovudtoppen mot Patchellhytta. Her er det også stor utglidingsfare og fare for breglepper like under utgangen av rennene.

    Vegval: Gå frå hytta og litt nord for renna som leier deg opp mot skaret mellom Nordre og Store Smørskredtind. Komen gjennom skaret, må ein renne slakt ned om lag 50 høgdemeter i austsida, før ein gjerne tek av skia og følgjer ei bratt renne opp mot toppområdet. Snøkvaliteten avgjer om ein må bruke stegjarn og/eller isøks for å kome opp her. Den høgste toppen er den vestlegaste.

    Nedkøyring: Det mest vanlege er å følgje same vegen ned som opp. Sjølv dette byr på krevjande køyring. Men ei av dei råaste skilinjene i Sunnmørsalpane går 800 høgdemeter frå toppen og direkte ned rennene til Patchellhytta med ein hellingsvinkel frå 40 til 50 grader! Å køyre denne linja stiller store krav til snøkvalitet og skiferdigheiter, men til gjengjeld er linja veldig spektakulær og går i fantastiske omgivnader. Denne linja kan berre køyrast av erfarne alpinistar på absolutt skredtrygge dagar.

    Upåklageleg utsyn frå toppen mot den meir kjende «veslebroren» Slogen. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå