Standalhornet og Nordre Sætretind. Foto: Håvard Myklebust.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Standalhornet/Langenestinden

Standalhornet er eit bratt og krevjande fjell for den erfarne alpinisten, men utsynet frå toppen er upåklageleg og renneformasjonane frå toppen og ned mot Fladalen gir spennande køyring.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Sunnmørsalpene
    • Underområde: Kolåshalvøya (Hjørundfjorden)
    • Toppunkt: 1206
    • Høydemeter: 900
    • Kilometer: 4
    • Faremomenter: Skredterreng i sida opp frå Fladalen til topps.
    • Startsted: Standaleidet
    • Tid opp/ned: 3-4 timar
    • Ekstra utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø treng ein stegjarn og/eller isøks opp den lange renna til topps.

    Lengd: 4 km.

    Stigning: 900 meter. 

    Utstyr: Hjelm, spade, søkjestong, sendar–mottakar, randonée- eller telemarkski og vinterklede. Ved hard snø treng ein stegjarn og/eller isøks opp den lange renna til topps.

    Farar: Skredterreng i sida opp frå Fladalen til topps.

    Vegval: Parker ved kraftstasjonen om lag ein kilometer nedanfor høgste punktet på Standaleidet, i retning Standal. Følg anleggsvegen opp til Fladalen. Gå i slakt terreng forbi morene- rygger eit godt stykke innover dalen. Når du nærmar deg Fladalsvatnet, kan du ta til å skråe oppover sida til du når nokre ryggformasjonar som fører deg til toppen. Pass på å ikkje gå for tidleg opp på toppryggen, då sjølve toppen ligg temmeleg langt nord på ryggen. Nyt utsynet der du sit på toppen, med Hjørundfjorden djupt under deg og fjella på austsida av fjorden midt i mot.

    Nedkøyring: Dersom snøtilhøva tillet det, kan den erfarne alpinisten nyte 450 høgdemeter med 45 graders rennekøyring ned til Fladalsvatnet, før terrenget legg seg nedover Fladalen.

    Påsketrippelen: Dersom ein har att krefter når ein kjem ned til Fladalsvatnet, kan ein gjerne ta på fellane att, for så å gå opp Fladalen til Nordre Sætretind, før ein renn nedatt mot Appelsinhaugen og Kvanndalen (sjå rute 1.15). Om ein har endå meir krefter att, kan ein på ny ta på fellane når ein kjem ned i øvste delen av Kvanndalen, for så å følgje normalvegen på Kolåstinden, før ein renn nedatt brefallet og tilbake på Standaleidet (sjå rute 1.14). Då har ein fått ein skikkeleg rundtur, den såkalla «påsketrippelen».

    På skredtrygge dagar kan ein køyre slike stader. Foto: Håvard Myklebust.
    Stig Helset signerer Standalhornet. Foto: Håvard Myklebust.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå